Båtlaget Njord/Tysnes

Båtlaget Njord/Tysnes Orgnr. 985 489 009. Post adr: Pb 38, 5696 Tysnes. Besøksadr; “Njordstø” i Vee/Våge

 Besøk oss også på www.facebook.com/njordtysnes

Om Båtlaget Njord/Tysnes

Kven er me?

Båtlaget Njord/Tysnes vart stifta i 1935. Me er eit fleiridrettslag med eit variert maritimt tilbod. Aktiviteten vår er fundamentert på seglsporten som er ein viktig del av Tysnes si historie. Me har til føremål å spreia opplysning om sigling og ved samarbeid og kameratskap fremja seglsport, sportsdykking og anna maritimt friluftsliv i sunne former. Laget har sete i Tysnes kommune med naust og bryggjeanlegget “Njordstø” i Vee i Våge. Båtlaget har om lag 90 medlemmer.

Styret for 2016

Leiar:                  Vegard Aslaksen

Nestleiar:            Jan Vee

Kasserar:            Thor Aakre

Skrivar:               Torunn Nødland

Styremedlem:     Rita Teigland

1. Vara:               Sindre Økland

2. Vara:               Tore Vee

Organisering

Båtlaget Njord/Tysnes er organisert med eit styre og fleire nemnder/komitear som er underlagt styret. Det øverste organet i Båtlaget N/T er årsmøtet. Laget er tilslutta Noregs Idrettsforbund gjennom Hordaland seilkrets og dei særforbund som lagets årsmøte gjer vedtak om. Båtlaget Njord/Tysnes er medlem av kontaktutvalget for idrettslaga i kommunen.

Nemnder og komitear

Naust og anleggskomite            – leiar Jan Vee

Regattakomite                            – leiar Morten Epland

Trenings og instruksjonskomite  – leiar Rita Teigland

Dykkarkomite                              – leiar Erlend Tvedt

Bli medlem

Innmelding

For å bli medlem i Båtlaget Njord/Tysnes send ein epost til kasserer Thor Aakre. Merk med namn, adresse og fødselsdato. Medlemskontingenten er 150,- for juniorar opp til 18 år og 300,- for seniorar.

Medlemsfordeler

Bli ein del av eit sosialt, godt og maritimt miljø. Gratis deltaking på jolletrening i seglsesongen. Medlemsrabatt på leige av “Njordstø” og deltakaravgift på arrangement. Gratis utlån av kajakkar gjennom kajakkordninga og lån av segljoller etter avtale. Medlemsfordeler gjennom forbund. 

Naust, anlegg og båtar

“Njordstø”

Klubblokalet vårt heiter ”Njordstø”. Dette er eit nokså stort naust med bryggjeanlegg og flytebryggjer som ligg fint til ved sjøen i innseilinga til Våge. I 2 etasje er “Njorstø” innreda med jente og gute garderobar med tilhøyrande dusj og toalett. Her finn du også kjøken og forsamlingslokale.

“Njorstø” kan leigast på dagleige eller helg. Gjeldande prisar pr 01.01.2016 er; Dagleige kvardag 500/400 (medlemspris), Dagleige helg 1000/800, Helg fre-søn 1500/1200. Send mail til utleigeansvarleg på Rita Teigland for booking.

Båtar

Båtlaget eig ei rekkje båtar både oselvarar, store og små segljoller, kajakkar og sikrings/bøyebåtar. Båtparken vår er under kontinuerlig oppdatering og vedlikehald for å sikra at me kan tilby skikkelig utstyr til våre medlemmer. Meir om dei ulike båttypane kan du lesa om under sigling eller padling.

Me har og ansvaret for drift og vedlikehald av eliasbåten “Tysnesøy”. Dette er ein kopi av Eliasskøyta kjend frå TV2 som er utrusta med ein elektrisk motor og styring. Denne blir nytta til sjøvett opplæring om sommaren både under sjøsportveko og ifm regelmessige besøk i Våge hamn i helgene. Når “Tysnesøy” skal på tokt til Våge hamn vil dette bli annonsert på facebooksida vår og tysnesingen.no

Sigling

Lyst å læra å sigla?

Sigling er den sporten som gjorde at Båtlaget Njord/Tysnes vart etablert. Den gongen var det sigling med Oselvaren som var hovudfokuset men med åra har Båtlaget vektlagt seglopplæring for folk i alle aldrar både med joller og større seglbåtar slik som Oselvaren.

Hos oss vil du få nødvendig basisopplæring uansett bakgrunn eller alder. Båtlaget har instruktørar med mange års erfaring innan sigling både som jollesiglarar eller som oselvarsiglar eller større båtar. Vårt første fokus er at urøynde skal oppleva mestring og glede av å sigla. Deretter er det berre å utfordra seg sjølv og ta fatt på ei spanande og vakker reise innan seglsport med god veiledning frå våre folk. Sigling er fantastisk kjekt når ein får taket på dei grunnleggjande prinsippa.

Optimist Jolle

Optimist er ei lita segljolle på 8 fot som er berekna for ein person. Optimistjolla blei konstruert i 1947 av Clark Mills. Båten ble introdusert i Europa av Axel Damsgaard fra Danmark og spredte seg fra Skandinavia. Skroget er som ein pram med flat baug. Opprinneleg blei jolla bygd i kryssfinér men dages optimistar er bygd i glasfiber. Med sin flate stevn og flate bunn bryter optimisten med mange etablerte «reglar» for god båtkonstruksjon, men den har vist seg å ha forbausande bra egenskaper for en så liten og enkel båt. Ein ide ved konstruksjonen var at ungdom eller familier skulle kunne byggja båten sjølv. Mills hevdet at dette var den største brukbare seilbåt som kunne bli bygd av ei kryssfinérplate på 4 * 8 fot  = ca. 1.2 * 2.4 meter.

Optimistjolla er ein nybegynnarbåt for born og unge i alderen 8 – 15 år. Båtlaget har pr i dag 10 optimistjoller. 2 av desse er såkalt veltesikre joller som blir benytta ifm båttilvenning for urøynde siglarar.

Trening og arrangement

I løpet av seglsesongen foregår det ei rekkje arrangement både på Tysnes og i nærområdet der ein kan vera med å sigla. For dei yngste arrangerer me Sjøsportveko i juli. Har du lyst å læra å sigla Oselvar er Siglarveko eit arrangemet du bør få med deg. Vidare foregår det fleire regattaer på Tysnes, Milde (Bergen) og Austevoll. Siste arrangement på programmet er normalt Noregsmeisterskap i Oselvarsigling i August. Båtlaget har også regelmessige jolletreningar for juniorar i segsesongen. Lenkjene over vil ta deg til dei ulike arrangementa.

Båttypar

Oselvaren

Noregs nasjonalbåt som har utvikla seg gjennom hundrevis av år. Klinkbygd vestlandsk båttype bygd i tre med modærne seglføring -  storseil og fokk. oselvaren er tremannsbetjent med rormann, storseglmann og “fokkeslask”. Oselvaren har vore nytta som regattabåt samanhengande heilt sidan slutten av 1800-talet, med unntak i krigsåra 1940-45.

Måten ein seglar Oselvar på skiljer seg klart frå andre norske tradisjonsbåtar: båten vert heile tida pressa til det maksimale av kva båten og riggen kan tola og kollseglingar er ein del av spelet, men heldigvis ikkje så ofte. Sportsleg sett er Oselvaren fullt på høgd med moderne jollebåtar og kan by på alle dei utfordringar som ein seglar måtte ynskja seg både når det gjeld teknikk, krav til tolmod i lite vind og fart og spaning i mykje vind.

Jolletrening

Zoom8 jolle

Zoom8 er ei 8 fots seiljolle med 4,8 kvm seglareal. Skrogformen på Zoom8 jolla er meir bua og båtan planar difor noko lettare enn Optimistjolla. Zoom8 blir rekna for ein fin overgangsbåt for siglarar som anten er for gamle eller for store til å siglar Optimistjolla og som ikkje ynskjer å gå over til meir krevjande segljoller som til dømes Europajolle og Laser. Zoom8 er ein av få vellukka forsøk på å skapa klasse som dekkar denne overgangen. Zoom8 er litt meir krevjande å sigla enn Optimistjolla, men byr mykje moro for dei som treng litt meir utfordring og tykkjer optimisten blir for kjedeleg. Båtlaget eig 3 Zoom8 joller.

Padling

Rundt oss på Tysnes har me ein vakker skjærgård og fleire store vatn. Mange av oss har nok freista å ta seg rundt i trange sund med båten og anka på dei mange umerka skjæra som finst i våre farvatn. Det å kunne utforska slike stadar med ein havkajakk er ei heilt unik oppleving. Ein kan ta seg fram der ein normalt ikkje kjem til med båt og der ein ellers måtte ha gått lange omvegar for å kunna sjå. Dei dagane vinden ikkje klarar å blesa vind i segla er denne aktiviteten eit veldig godt alternativ til å oppleva den vakre vestlandsnaturen frå sjøsida.

Båtlaget har havkajakkar både for vaskne og born. Ein av kajakkane vår er ein tandemkajakk (plass til 2). Me har etablert ei sjølvbetjent utlånsordning som er eit gratistilbod kun for medlemmer. Er du medlem og ynskjer å ta del i i denne ordningane send ein mail oss så vil du få tilsendt meir informasjon og instruksjon. Kontaktperson er Vegard Aslaksen.

For å kunna gi urøynde padlarar grunnleggjande kunnskap om padling i havkajakk pleier med å arrangera ein padledag på forsommaren. Her går me gjennom tema som tryggleik, utstyr, egenredning og padleteknikk. Etter å ha prøvd seg litt rundt “Njorstø” tar me oss ein times padletur i nærområdet.  Padledagen blir leia av røynde padlarar og det blir nytta sikringsbåt for ivareta tryggleiken. Følg med på facebook.com/njordtysnes for tidspunkt for dette. 

Dykking

I 2013 bestemte Båtlaget seg for at ein vil satsa breiare og inkludera fleire idrettar i laget. På Tysnes har det vore eit dykkarmiljø i fleire år utan at ein har hatt eige klubblokale og fasilitetar til å driva denne sporten i organiserte formar.  I samarbeid med den tidlegare Sportsdykkarklubben på Tysnes blei det etablert ei dykkargruppe som i dag er ein del av Båtlaget Njord Tysnes. Me tykkjer det er bra at ein kan ha fleire aktivitetar som ein del av laget og er glad for at fleire kan nytta det flotte anlegget me har her i Njordstø også til sportsdykking. I Njordstø er det blitt bygd lagringsbodar for dykkarutstyr og kompressor anlegg for luftfylling. Dette i lag med øvrige fasilitetar i Njordstø og tilkomst til sjøen gjer at dei viktigaste kriteria for å kunne driva med sportsdykking er oppfyllt. 

Hovudsponsor